Tilbake til alle arrangementer

Fredrik - Musa Som Samla på Solskin (4+)

  • Gymsalen, Sentralen Øvre Slottsgate 3 OSLO Norge (kart)

Det nærmar seg vinter, og museflokken har det travelt.
Alt må vere klart.
Frø skal samlast, strå skal berast – ingen har tid å miste.
Bortsett frå Fredrik.
Han sit berre der. Ser. Lyttar. Samlar noko heilt anna.
Kvifor?
Grunnen skal vise seg å vere heilt magisk.

I denne framsyninga blir barna sjølve ein del av historia.
Dei blir med inn i museflokken og eit levande og leikande univers, der det som ein ikkje kan ta på, gjerne viser seg å vere det ein treng aller mest.
Framsyninga bygger på den klassiske bildeboka av Leo Lionni.

Vi oppmodar foreldre om å til å la barna kle seg som mus denne dagen, viss dei vil. Øyrer, halar eller ein brun genser er meir enn nok.
Dersom barna ønskjer å lage ei teikning av musa Fredrik og ta med på framsyninga til Kornelia og Fredrik, blir dei veldig glade for det, for dei samlar nemleg på teikningar og!

Framsyninga høver for born 4-7 år.


Til dei vaksne
Vi lever i ei kaotisk verd. Og vi spring gjennom dagane, medan vaksenprat om alt det vanskelege surrar i bakgrunnen.
Barna lyttar meir enn vi trur.
Gjennom Fredrik vil vi gi dei ei anna røyst å lytte til. Ei historie om å vere annleis, men likevel viktig. Om å samle på fargar, ord og lys – og å dele med flokken. Alt dette pakka inn i ei leiken og magisk forteljing om ei lita mus som torer å vere seg sjølv.

Pressefoto
Kunstnarleg lag
Forfattar Leo Lionni
Skapt og framført av Kornelia Nicolaysen Melsæter
Visuelt, musikalsk og teknisk uttrykk Kornelia og Kristoffer Nicolaysen Melsæter
Miniatyrskog er produsert av Joanna Szczypka
Ytre auge Kristoffer Nicolaysen Melsæter, Kyrre Eikås Ottersen og Kristina Kjeldsberg

Framsyninga vart produsert som ein co-produksjon med Teater Vestland og hadde urpremiere på Teater Vestland 5.September 2025

 
Forrige
Forrige
17. januar

Fredrik - Musa Som Samla på Solskin (4+)

Neste
Neste
14. februar

Rampetroll (5+)